Eventyret startar
Operation Archery E-sports startar sin første klubb i 2018, Då OAE Gründer Geir Arne Solheim oppretta ei ny klubbfranchise basert på folkehelse.
Eventyret til Operation Archery E-sports starta i Vågsøy i 2018. OAE Gründer Geir Arne Solheim meinte det mangla noko vesentlig i datidas esport klubbar og starta arbeidet med å utvikle ein klubbfranchise der hovudfokuset var folkehelse, og fokuset på «heile mennesket».
Arbeidet i Vågsøy blei lagt merke til, og i starten av 2020 dukka det opp 2 nye franchiseklubbar i Ålesund og Stryn.
I 2021 slo Ørsta følge med resten og vart en del av franchisen.
Operation Archery E-sports er ikkje berre ein esport klubb. Vårt mål er å skape eit inkluderande felleskap av initiativtakarar, og draumane om egen esport-klubb til å bli verkelige for alle som vil med på vår idé.
Konseptet vårt baserar seg på velkjente franchise tradisjonar der vi har tatt det eit hakk lenger. I OAE skal vi sørge for at klubben har spelerom til å drive med esport, og ikkje administrative oppgåver.
Les meir om franchisen og kva vi kan hjelpe deg med på sida "Franchisen".
Operation Archery E-sports startar sin første klubb i 2018, Då OAE Gründer Geir Arne Solheim oppretta ei ny klubbfranchise basert på folkehelse.
Operation Archery E-sports hadde god vekst våren 2020. Initiativtakarar i Ålesund og Stryn la merke til konseptet og vart med i franchisen.
Sommaren 2020 gjekk OAE franchisen inn i eit samarbeid med Florø E-sport, VLAN og MLAN der vi oppretta paraplyorganisasjonen Vestlandet E-sport (VESP) som umiddelbart vart en stor suksess for klubbane i Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland fylke.
Operation Archery E-sports styrkar franchisen ytterlegare med felles lag, nye nettsider, og fusjonering til ny selskapsform.