Har du spelt lenge og har god erfaring med topplag, eller jobba deg gjennom breddeserien? Då er elitelaget vårt Anubis noko for deg!

Anubis vart oppretta for å fylle gapet mellom breddeserie og dei laga som hevda seg heilt i toppen . Laget skal være topplaget til Operation Archery E-sports og representere oss utad i toppdivisjonane.

Det er laget som i samarbeid med lagkaptein som skal sette saman  spelarane slik at nivået er gjennomgåande høgt.

Det er her alvoret synk inn, og alle timane spelte blir tellande. Dersom ein slumpa på kosthold og trening dagen før kampen, kan dette no være utslagsgjevande på om laget vinn eller ikkje.

Her må ein halde fokuset høgt for å nå fram til seierspallen og ta med seg pokalane heim.

© Kopirett - Operation Archery E-Sports AS