Bli sponsor!
Operation Archery E-sports trenger sponsorar for 2021
Kven er vi?
Operation Archery E-sports er ei idéell esport franchise som dekker heile Norge. Franchisa si målsetting er å skape flest moglege lokalitetar der ein kan drive med esport, gaming og turneringar.
OAE er ein forkjempar for folkehelse i esporten, og brukar konseptet Eat – Move – Sleep – Learn -Play i alle ledd i vår virksomheit. våre utøvarar skal ete sunn mat,
drive med fysisk trening, kvile nok, gjære skulearbeidet og deretter drive med esport utan bekymringar i trygge omgjevnadar.
OAE har i dag lokaliteter i Ørsta, Vågsøy, Ålesund og Stryn med målsetting om å spreie vår idé til resten av Norge.
Kva vert sponsormidlar brukt til?
Midlar og ytingar vi mottek frå sponsorar eller samarbeidspartnarar går til franchisa sine kostnadar knytt til administrasjon, lokalitetar, maskinparkar, utstyr samt kurs og utdanning.
Midlar kan etter etter ønske øyremerkast din lokale OAE klubb, spesefikt prosjekt eller teneste. Der DU ønskjer at vi skal bruke midlane skal vi nytte dei.
Korleis kan OAE profilere sponsorar og støttespelarar?
OAE skal syte for at sponsorar og støttespelarar på best mogeleg måte blir synlig i franchisa sine aktivitetar i digitale media, lokalitetar, drakter, streamingtenester, klubbens arrangement og konkurranser samt andre metodar vi finn for å profilere våre sponsorar på.